Koordinator tidleg innsats
Org. nr: - Stillingsident: 4472529230 Presentasjon av stillingen:
I Volda kommune vert det oppretta stilling som Koordinator tidleg innsats.
Volda kommune vil tidleg i 2022 inngå eit samarbeid med KORUS med mål om å bygge ein modell for betre tverrfagleg samhandling til det beste for barn og unge i kommunen (BTS). Koordinatoren vil få eit særskilt ansvar i dette arbeidet. Vidare vil det bli lagt familiestøttande oppgåver til stillinga. I denne rolla skal koordinatoren vere ein ressursperson i hjelpeapparatet. Målet er å sikre rett hjelp til rett tid, både til barn og vaksne i familiane som treng det. Koordinatoren skal bidra til innsats rundt heile familien, og familien sitt behov under eitt.
Den som vert tilsett må vere budd på at innhaldet i stillinga vil endre seg i takt med implementeringa av BTS-modellen i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
* I prosjektperioden etablere prosjektet, økonomisk, fagleg og organisatorisk
* Kartlegge status for kommunal kompetanse og samhandling
* Utarbeide modell med planar, rutinar og struktur for tverrfagleg og tverrsektoriell samhandling
* Utarbeide tiltak i samhandling med leiargruppa i sektor for oppvekst
* Utarbeide digital informasjon om modellen
* Vere eit kontaktpunkt mellom Volda kommune og eksterne samarbeidspartar
* Vere ein igongsetjar for familiar som treng tverrfagleg og tverrsektoriell innsats hjelp
* Familiestøttande oppgåver
Kvalifikasjonar
* Relevant høgskuleutdanning minimum på bachelornivå
* Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning
* Erfaring frå prosjektarbeid/styring vil vere ein fordel
* Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
* God digital kompetanse
* God skriftleg og munnleg framstilllingsevne
* Rettleiingskompetanse
* Systemforståing
Personlege eigenskapar
* Interesse og engasjement for barn, unge og familiar
* Den som vert tilsett må ha evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert
* Tydeleg kommunikasjonsform
* Ha evne til å etablere gode menneskelege relasjonar
* Vere samlande
Vi tilbyr
* Ei spanande og utfordrande stilling og arbeidsoppgåver der det krev samhandling med andre tenesteområde
* Høve til etterutdanning/fagleg oppdatering
* Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
* God pensjonsordning med lånemogelegheiter
* Løn etter gjeldande avtaleverk
Stillinga er plassert i HTA kap. 4. Organisatorisk vert stillinga underlagt helsestasjonen, men koordinator vil også rapportere til og samhandle med leiargruppa i sektoren kring implementering av BTS-modellen.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting
Kontaktinformasjon
Per Ivar Kongsvik, Kommunalsjef, 90536757, per.ivar.kongsvik@volda.kommune.no
Gitte Edvardsen, Avdelingsleiar helsestasjon, 47458465, gitte.edvardsen@volda.kommune.no
Per Ivar Kongsvik
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4472529230
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2022
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!