50 % 2-årig prosjektstilling som skulefagleg rådgjevar i Åseral kommune, i samband med omstillingsarbeid på skulen
Stillingsannonsen er inaktiv.Åseral Kommune
4540 Åseral
Me kan tilby ei interessant og krevjande stilling med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit fagmiljø under utvikling.
Me søkjer ein person med pedagogisk høgskuleutdanning som er:
• Fagleg sterk med høg kompetanse innan oppvekstsektoren
• Tydeleg og resultatorientert
• God på kommunikasjon og samarbeid
• Fleksibel og løysingsorientert
• God munneleg og skriftleg framstillingsevne
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Tenestestad:
Åseral kommune
Utviklingsrådgjevaren har kommunalsjef for oppvekst og levekår som næraste overordna.
Intervju:
Søkar må vere førebudd på å stille til intervju på kort varsel.
Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør offentleglova § 25.
Tilsetting:
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk. Løn etter avtale. Har du behov for ein stad å bu, barnehageplass eller andre ting, er vi førebudd på å hjelpe deg. Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Dagne Ropstad tlf. 928 89 280.
Søknad og CV kan du bare sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema på Åseral kommune si heimeside (www.aseral.kommune.no).
SØKNADSFRIST 22. Juni 2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Åseral Kommune
Adresse
Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival og sommaraktivitetar på Minne Kultursenter mange tilreisande til bygda. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvanna times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partnar.
Åseral barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med SFO. Skulen er organisert med ein avdelingsleiar på ungdomstrinnet og ein på barnetrinnet. Totalt er det om lag 120 elevar på skulen. Skulen sitt motto er: Tryggleik , trivsel og læring.
Åseral kommune har søkelys på utvikling av barnehage og skule. Med utgangspunkt i eit større omstillingsarbeid som er starta på skulen, ønsker me ein rådgjevar som kan vegleie og vere med og samordne dette arbeidet i tett samarbeid med einingsleiar og styringsgruppa.
Om stillingen
Stillingstittel
skulefagleg rådgjevar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 23. juni 2019
Hentet fra: DIR
Referanse: e5126042-a672-4c86-a7d0-bffc6047bde2
Stillingsnummer: e5126042-a672-4c86-a7d0-bffc6047bde2