Me treng ny medarbeidar i reinhaldsavdelinga
Vi søker etter to faste stillingar i 100 % og ein stilling i 66,67 %, samt eit vikariat i 100 % fom 01.08.19 tom 27.03.19.
Arbeidsoppgåver: Reinhald i kommunale bygg; skular, barnehagar og institusjonar
Me arbeider etter innemiljøstandarden og vektlegg kommunikasjon og samhandling i avdelinga. Arbeidstid frå 0600 - 1330 og fylgjer ikkje skuleruta.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. strafferegisterlovar.
Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Krav til kompetanse
- organisering, teamarbeid og kursverksemd krev at den som vert tilsett har gode norskkunnskapar
- søkjar med fagbrev vert prioritert
Ønsket kompetanse
- pga organisering med rullering må den som vert tilsett har førarkort og disponera eigen bil
Personlige egenskaper
- interesse og ønskje om konstant læring og utvikling
- positiv, fleksibel og serviceinnstilt
- det vil bli lagt vekt på kommunikasjon og samhandling
- god orden og ryddighet
Om bedriften
I reinhaldsavdelinga er me 41 medararbeidarar. Arbeidslivet endrer seg raskt og krav til kompetanse blant arbeidstakarane auker. I dei seinare åra har me gjennomført ei rekkje kurs - og kompetansehevande tiltak i avdelinga, der målet er å visa at jobben vår er mykje meir enn berre fjerna smuss. Me vil fortsetja utviklinga med kurs og kompetanseauke for å vera i stand til å meistre framtidas utfordringar.
For å sikra lik kvalitet på reingjeringa og variasjon i arbeidsoppgåvene for den einskilde tilsette, har me innført rulleringssystem. Ingen har fast arbeidsstad, men rullerer mellom dei einskilde kommunale bygga.