Personleg assistent –deltid natt
Eir er ei 12 år gamal jente som elskar hestar, bøker, musikk, vere med venner og fart og spenning. Då ho er funksjonshemma treng ho deg som personleg assistent til å hjelp med små og store gjeremål.
Om stillinga
Eir vekslar mellom å gå på skule og drive heimebasert treningsopplegg, knytt til The Family Hope Center i USA (http://www.familyhopecenter.org) og ABR i Belgia (http://www.abrbelgium.com/)
Din jobb blir å hjelpe med alt frå matsituasjon, personleg pleie til kommunikasjon, symbolspråk og trening.
Vi søker deg som ønsker ei deltidsstilling som kvilande nattevakt. Omfanget er på 1-3 vakter i veka, og kvar natt kvar tredje helg. Vi har hatt god erfaringar med studentar som kan kombinere ei slik stilling med studiar, men andre aktuelle må gjerne søke.
Dette er eit engasjement som varer fram til 15.8.2022. For den rette personen kan engasjementet utvidast. Arbeidsstaden er i Ulsteinvik sentrum.
Du må kunne leggje fram plettfri politiattest ved tilbod om stilling.
Om deg
Vi treng ein person som er ung til sinns og som kan jobbe sjølvstendig, er lærevillig, har godt humør og stå-på vilje. Det er ingen krav til utdanning. Personlegdom er viktigare enn gode papir! Du vil få nødvendig opplæring.
Det vil bli ein del løft, så det er ein fordel å vere i god fysisk form. Det er heilt nødvendig at du snakkar og skriv flytande norsk.
Dersom du er glad i barn og ynskjer å vere med å bidra til at denne flotte jenta kan nå sine mål -- er dette jobben for deg!
Grunna stillinga si art er det ønskeleg med kvinnelege søkjarar. Søkjarar må vere 18 år for å vere aktuelle for stillinga.
Ta kontakt for meir informasjon.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte Vidar Ertesvåg, tlf. 930 51 545 eller Mona Iren Auganæs, tlf. 916 32 105.
Søknad med CV sendast til e-post: ertesvi@gmail.com
Søknadsfrist: 15.8.2021