Koordinator for kliniske behandlingsstudiar
Org. nr: - Stillingsident: 4200581341 Presentasjon av stillingen:
Helse Førde arbeider for å styrke forsking og innovasjon i føretaket. Som eit ledd i dette ønskjer Helse Førde å vidareutvikle aktiviteten rundt kliniske behandlingsstudiar, og treng ein koordinator til arbeidet.
Stillinga inneber eit nært samarbeid med kliniske avdelingar i Helse Førde, og vil vere retta inn mot både oppdragsstudiar og behandlingsstudiar finansiert av det offentlege. Koordinator vil ha eit nettverk med andre som arbeider med forsking og prosjekt. Stillinga er plassert i Fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Seksjonen er samorganisert med det helsefaglege forskarmiljøet til Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde, og har felles forskingsleiar.
Arbeidsoppgåver
- I samarbeid med andre utvikle system og struktur for kliniske studiar i Helse Førde
- Bistå med planlegging og tilrettelegging av kliniske behandlingsstudiar
- Bidra til opplæring og rettleiing til helsepersonell og leiarar innan kliniske behandlingsstudiar
- Koordinator skal jobbe på tvers av avdelingar i Helse Førde
- Plassering i organisasjonen kan endrast ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå og arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta
- God kunnskap og erfaring med prosjektbaserte aktivitetar og samarbeid med ulike fag
- Gode ferdigheiter i bruk av IKT-verktøy
- Erfaring med kliniske studiar eller anna helseforsking
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og løysingsorientert
- Evne til å halde framdrift i prosessar, ryddig og strukturert
- Evne til å jobbe sjølvsendig og samarbeide på tvers av fag i helsetenesta
- Ha vilje til å dele kunnskap og erfaring med andre
- Positiv, engasjert og initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode forsikringsordningar (Pensjon- og yrkesskade-/gruppelivs- og
tenestereiseforsikring) - Inkluderande arbeidslivsordning (IA-bedrift)
- Opplæring og kompetanseutvikling innan kliniske behandlingsstudiar
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Guro Mjanger, Seksjonsleiar, 99258047
Arbeidsstad
Tefrevegen 45
6810 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4200581341
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.