Opplæringskonsulent i 50% fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Opplæringskontoret For Møbel-, Tre- Og Mekanisk Industri
Sykkylvsvegen 125, 6230 Sykkylven
Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri er lokalisert i Sykkylven. Vår hovudoppgåve er å utvikle og kvalitetssikre fagopplæringa i våre 47 medlemsbedrifter.
Vår daglege leiar går av med pensjon 31.mai, og noverande opplæringskonsulent tar over som dagleg leiar frå 1.juni 2023. Derfor søker vi no etter:
Opplæringskonsulent i 50% fast stilling frå 1. juni 2023.
Dato for oppstart kan diskuterast.
Løn etter avtale.
Kontorstad er i Sykkylven, med medlemsbedrifter og lærlingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
Følge opp lærlingar og lærebedrifter.
Rekruttere nye lærlingar og lærebedrifter.
Samarbeide med myndigheiter, skular og andre aktuelle aktørar.
Rekneskap, (ikkje eit krav), og andre kontoroppgåver.
Kvalifikasjonar
Du må kunne kommunisere og samarbeide godt, både med unge og vaksne.
Gode generelle digitale ferdigheiter samt god skriftleg og munnleg norsk.
Du må ha gjennomføringsevne, vere sjølvstendig, open og ærleg.
Førarkort kl. B, og disponere eigen bil.
Kunnskap om rekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
Erfaringar
Arbeid med ungdom/unge vaksne.
Kunnskap om fagopplæring og aktuelle institusjonar.
Ønskeleg med erfaring frå industrien.
Eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
Har gode mellommenneskelege eigenskapar.
Engasjert, initiativrik og løysingsorientert.
Vere eigna til jobben som opplæringskonsulent.
Søknad og CV sendast til: post@tipnett.no
Søknadsfrist: 31. januar 2023
Har du spørsmål, ta kontakt med Astrid Drabløs på 93 25 88 37.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Opplæringskontoret For Møbel-, Tre- Og Mekanisk Industri
Adresse
Sykkylvsvegen 125, 6230 Sykkylven
Hjemmeside
Facebook
Vår hovudoppgåve er å kvalitetssikre fagopplæringa som blir gitt i våre medlemsbedrifter. Vi har lærlingen i fokus og har som mål at lærlingen skal ha ei god læretid, både fagleg og mellommenneskeleg.
Arbeidet vårt består blant anna av lærlingsamtalar, bedriftsbesøk og skulebesøk. Vi deltek på utdanningsmesser og bidreg i arbeidet med å få fleire til å velje ei yrkesutdanning.
Vi har lærlingar frå fleire utdanningsprogram og medlemsbedrifter i mange kommunar i Møre og Romsdal.
Medlemsbedriftene våre har i mange år bidrege i arbeidet med fagopplæring, noko vi er stolte av å vere ein del av.
Om stillingen
Stillingstittel
Opplæringskonsulent
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. februar 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: e3c0348c-f0f4-40f0-9123-934f3cfb0e95
Stillingsnummer: e3c0348c-f0f4-40f0-9123-934f3cfb0e95