Avdelingsleiar i Miljøterapitenesta - 100% vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Vågå kommune
Vågå kommune
Til Miljøterapitenesta søkjer vi etter ein engasjert avdelingsleiar til eit 100% vikariat med snarleg oppstart.
I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at kvar enkelt brukar skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar som setter kvalitet i høgsetet og som vil være med å vidareutvikle tenesta. Vikariatet er med snarleg oppstart og førebels ut desember 2021, med mogelegheit for forlenging.
Som leiar er du tillitskapande og legg tilrette for læring og utvikling slik at tilsette opplever inkludering, meistring og motivasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg drift, økonomi- og personaloppfølging
- Fagleg ansvar og rettleiing
- Ansvar for journalsystemet, utvikling og opplæring (Profil)
- Ansvar for internkontroll- og avvikssystemet (Compilo)
- Utarbeiding av prosedyrar og rutinar
- Kompetanseplanlegging for å sikre kompetansenivå hjå avdelingane
- Møtevirksomhet og møteleiing
- Sjå til at lover og regler overholdes
- Rapportering
Kvalifikasjonar:
- Relevant sosial- eller helsefagleg utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar er eit føremon
- Leiarerfaring
- Erfaring frå miljøarbeid retta mot psykisk utviklingshemming og psykiatri
- Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå Profil eller Compilo er eit føremon
Vi søker etter ein leiar som:
- Er faglig dyktig
- Har god kommunikasjonsevne og relasjonskompetanse
- Er tydeleg og har gjennomføringsevne
- Er ein samlande og trygg leiar som ivaretek medverknad og sikrar iverksetting av interne og overordna styringsdokument
- Er oppteken av kvalitet og tverrfagleg innsats til brukaren sitt beste
- Har godt humør og stort pågangsmot
- Viser gjennomføringskraft for å oppnå gode resultater og anvender dei økonomiske ressursene mest mogleg effektivt.
- Skapar ein kultur med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit.
Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte:
Nina Løkken Bråten, tenesteleiar Miljøterapitenesta, nina.lokken.braten@vaga.kommune.no, 91754312
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Søknadsfrist: 07.03.2021.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Adresse
Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mars 2021
Hentet fra: Vågå kommune
Referanse: 45599
Stillingsnummer: e3967261-9714-4f88-9acf-694e781ac75f