Er du ingeniør og vil arbeida med den reinaste og mest effektive energien?
Me ser etter ein prosjektingeniør som ein gong i framtida kan ta på seg ansvaret for sikkerheit på våre vassdragsanlegg. Om du ikkje allereie er vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) vil me legge til rette for at du får deg erfaring og teoretisk grunnlag til å bli det.
Som prosjektingeniør vasskraft i Sunnhordland Kraftlag (SKL) vil du arbeida breitt med vasskraftanlegg. Prosjektingeniørar hos oss tek ulike roller alt etter erfaringsnivå i utbyggingar av nye store eller små kraftverk. Anten som prosjektleiar, byggeleiar eller ansvarleg for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA). Me har og fleire oppgraderingsprosjekt, då særleg knytt til damanlegg. Saman vil me sørga for god framdrift i komplekse byggeprosjekt fram til ferdigstilling. For det handlar om berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.
Hos oss blir du del av eit miljø som villig deler kompetanse. Og du blir ein del av eit miljø med mykje erfaring, og andre VTA-ar å spela på. Der er fleire fag- og karrieremoglegheiter i selskapet.
SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg framstår me som eit solid og framtidsretta selskap i utvikling.
Din kompetanse:
Dine personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord, med nokre turar til prosjektområda.
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888. Eller med Avdelingsleiar Forretningsutvikling, Kjetil Harestad, på 975 56 049.

- Ingeniørutdanning relevant for vasskraft; gjerne bygg/anlegg eller energi/miljø. Fordel med sivilingeniørutdanning/mastergrad.
- Vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) eller interesse for å ta teoretisk påfylling kravd for å bli VTA
- Erfaring frå bransjen er ein fordel
- Sertifikat klasse B
Dine personlege eigenskapar:
- Høgt fokus på sikkerheit
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig
- Har fokus på framdrift og er resultatorientert
- Vil læra og har god arbeidskapasitet
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både på skriftleg og munnleg norsk
Vi tilbyr:
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor folk blir lenge
- Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
- Gode personal- og velferdsordningar
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord, med nokre turar til prosjektområda.
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888. Eller med Avdelingsleiar Forretningsutvikling, Kjetil Harestad, på 975 56 049.
Om bedriften
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland og Rogaland fylke. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. Hovudkontoret er på Stord med einingar i Matre og Etne.