Kontrollingeniør bru
Er du vår nye kontrollingeniør på bruprosjekt?
Vil du vere med å sikre og forbetre infrastrukturen på fylkesveg? Vi ser etter ein ivrig og lærevillig kontrollingeniør som har lyst til å arbeide med vedlikehald og nybygg av bruer i heile fylket vårt.
Vi har mange spanande bruprosjekt i porteføljen vår og fleire nye prosjekt er vedtatt. No førebur vi byggherreorganisasjonen vår for å gjennomføre desse prosjekta.
Fylkesvegnettet består av om lag 1400 bruer og bærande strukturar i stål og betong som skal vedlikehaldast og fornyast for å oppretthalde transport og kommunikasjon i fylket. Det er forventa ei samla investering dei neste 4 åra på 500 millionar kronar innan vedlikehald og utbygging på bruprosjekt.
Som kontrollingeniør hos oss vil du:
Bidra med ulike former for kontroll og oppfølging av entreprenør innan SHA/ YM, kvalitet og framdrift og vil jobbe med mellom anna å:
- utarbeide konkurransegrunnlag
- identifisere kritiske prosessar og utarbeiding av kontrollplan
- følge opp og kontrollere entreprenør i byggefase
- følge opp eigen og entreprenør sin dokumentasjon av bygginga
- jobbe i team med byggeleiar og prosjektleiar i bruprosjekt
Vi søker deg som har
- relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet
- relevant erfaring innan bygg- og anleggsprosjekt kan kompensere for formell utdanning
- god kjennskap til digitale verktøy
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
- vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar
- evne til å bruke din fagkunnskap praktisk
- vere positiv og samarbeidsorientert
- kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike vegprosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har 130 tilsette. Vegprosjektseksjonen har i dag 60 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til veginvesteringsprosjekt, bygging av skredsikringstunnelen til Geiranger og ei rekkje bruer og ferjekaier, prosjekt i Bypakke Ålesund og rehabilitering av 26 tunnelar som startar dei neste åra.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.