Pedagogisk leiar
Org. nr: - Stillingsident: 4449855411 Presentasjon av stillingen:
Barnehagen på Bygland ligg i sentrum av Bygland, med kort veg til fleire turområder. Barnehagen er ein del av Bygland oppvekstsenter, og har tett samarbeid med SFO for ein heilskapeleg og trygg oppvekst. På avdeling Lislestog går barna frå 0-3 år, og på avdeling Storestog går 3 - 6 - åringane. Alle tilsette er med på utviklingsarbeid knytt til språkstimulering i barnehagen. Saman jobbar vi for å skape ein trygg og utviklande kvardag for barna, der dei kan utfalde seg og vakse i leik og læring. Då ein av våre dyktige medarbeidarar har fått andre midlertidige oppgåver i kommunen, søkjer vi etter ein pedagogisk leiar som kan fylle denne rolla i ein periode.
Arbeidsoppgåver
- Drive pedagogisk leiing, med hovudansvar for alle barna på avdelinga
- Lage og gjennomføre ulike planar, med dokumentasjon og evaluering av arbeidet på avdelinga
- Vere aktivt med i den daglege drifta på avdelinga, både det planlagde og det ein ikkje kan føresjå
- Leggje til rette for leik, inne og ute
- Gi omsorg, tryggleik og rettleiing til barna
- Leggje til rette for godt samarbeid med foreldra
- Halde foreldresamtalar, avdelingsmøte og delta på foreldremøte
- Fremje samarbeid på tvers av avdelingane
- Delta aktivt i utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar
Erfaring med tilsvarande arbeid er ein føremon
Personlege eigenskapar
Engasjert og initiativrik
Sjølvstendig og ansvarleg
Evne til å setje barn si utvikling og medverknad i fokus
Evne til å kommunisere og samarbeide med føresette og kollegaer
Evne til å reflektere over eigen praksis og har ønske om å utikle seg
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Eit godt fagmiljø i utvikling
Eit godt arbeidsmiljø
Erfarne og dyktige kollegaer
Flotte uteområde med nærleik til naturen
Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Sigrid Greibrokk, Assisterande tenesteleiar, barnehage, 957 46 056, sigrid.greibrokk@bygland.kommune.no
Irene Moe, Tenesteleiar, 97660811, irene.moe@bygland.kommune.no
Arbeidsstad
Sentrum
4745 Bygland
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bygland Kommune
Referansenr.:4449855411
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 25.11.2021
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.