Ferievikar 2023 for LIS1 til Stord, Odda og Haugesund sjukehus
Skriv i søknaden kva for sjukehus du vil prioritere. Du kan også skrive kva klinikk du vil prioritere. Dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, må du skrive kva periode du kan arbeide. Vi vil vektlegge om søkjaren kan jobbe minst 6 veker eller meir.
Arbeidsoppgåver
- Tenesteplikt og ansvar som for LIS1, inkludert krevjande vaktteneste
Kvalifikasjonar
- Dersom du har lisens, er det fint om du skriv opp HPR-nummeret ditt i søknaden.
- Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinarstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege.
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert.
- Ansvarsbevisst.
- Nøyaktig.
- Gode kommunikasjonseevner og gode norskkunnskapar.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Introduksjon og opplæring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Borghild Aakra, Klinikkoverlege, medisnsk klinikk Haugesund, 52732096Kari Marie Tjelmeland, Seksjonsleiar Somatikk Odda, (+47) 53651120
Aud Lisa Kjøl, Seksjonsleiar, Stord sjukehus, 53491039
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Seksjonsleiar Haugaland DPS/psykolog, (+47) 95767168
Helge Espelid, Klinikkoverlege, kirurgi, Haugesund, (+47) 52732426
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4585667539
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.12.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.