Barne- og ungdomsarbeidar / assistent i SFO ved Vigra skule 40 % faste stillingar - Giske kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.Giske kommune
Valderhaug 4, 6040 Vigra
Org. nr: 964 980 721 Stillingsident: 4079815465 Presentasjon av stillinga:
Vigra skule har ledig 2 x 40 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar / assistent i SFO frå 01.08.2019.
Vi oppmodar menn til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leike, lære og utforske i lag med barn i alderern 5 ¿ 10 år, både ute og inne. I arbeidet med å realisere Framtidsskulen.Giske.no skal barnet si livsmeistring stå i fokus.
- Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik
- Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer
- Gi tilpassa støtte til barn som treng det
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Assistentar er også velkomne som søkjarar.
- God digital kompetanse
- Kompetanse i å leie barn i ulike aktivitetar ute og inne, og hjelpe barn til godt samspel med andre
- Søkjarar må snakke og skrive godt norsk.
Personlege Eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit.
- Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel for barn
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting
- Evne til å arbeide forutsigbart og strukturert, motivere og gjennomføre
- Leiken, blid, engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit digitalt og framtidsretta læringsfellesskap som arbeider for å skape gode læringserfaringar for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Åse Elisabeth Skjerseth, einingsleiar/rektor, (+47) 98431522
Arbeidsstad
Vigra
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4079815465
Stillingsbrøk: 40%
Fast
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 26.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4079815465&company_id=3032552376&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Giske kommune
Adresse
6040 Vigra
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4079815465_Giske kommune_webcruiter
Stillingsnummer: e2cf61b4-058f-46c9-a168-3e9dd75f9d6d