Pedagogisk psykologisk rådgjevar - inntil 100% fast og inntil 50% vikariat
Org. nr: 964980098 Stillingsident: 4236464181 Presentasjon av stillingen:
PP-tenesta er heimla i Barnehagelova § 19 og Opplæringslova §5,6 som kommuna si rådgivingsteneste og sakkunnig i opplæringsspørsmål. Tenesta er knytt til brukarar ialder får førskule til vaksen med rett til grunnskuleopplæring.
PPT skal støtte barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge betre til rette for barn og unge med særlege behov. I Stranda kommune er det 7 barnehager, 4 skular og 2 vidaregåande skular som nytter tenester frå PPT.
Møre og Romsdal Fylkeskommune har avtale med Stranda kommune om kjøp av tenester for oppfølging på dei to vidaregåande skulane som ligg på Stranda.
Stranda PPT er samlokalisert med helsestasjon og serivcekontor i rådhuset til Stranda kommune.
Vi har ledig inntil 100% fast stilling frå 01.08.2020 og inntil 50% vikariat i tida 01.08.20 - 31.12.23.
Vi ber om at det går fram av søknaden kor stor stilling ein ynskjer og om det gjeld både den faste stillinga og vikariatet.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Systemarbeid i barnehage og skule.
- Arbeid med sakkunnig vurdering etter barnehagelova og opplæringslova
- Utgreiing av barn og unge, med oppfølging i barnehage og skule på individ- og systemnivå
- Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå universitet eller høgskule i pedagogikk/spesialpedagogikk/psykologi.
- Minimum fem års arbeidserfaring, erfaring frå skule vil bli vektlagt
- Rettleiingskompetanse og kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning
- Evne til å tenke analytisk og god systemforståing
- Gode norskkunnskaper både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil til tenestekøyring mot godgjering etter staten sitt reiseregulativ.
- Politiattest av nyare dato er ein føresetnad for tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig og målretta, tek initiativ, har evnt til refleksjon og er løysingsorientert
- Er inkluderande og kan byggje gode relasjonar, har evne til å arbeide med og løyse ptoblemstillingar i tverrfaglege team
- Stort engasjement og evne til å motivere
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Etablerte rutiner for tverrfagleg samarbeid
- Fleksibel arbeidstid
- Arbeidsvilkår og løn etter gjeldande avtalar
- Gunstige låne- og forsikringsordningar i KLP
- Gode vilkår for fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Kjellaug Bergh, Einingsleiar, 46411060
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4236464181
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 28.05.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir