Helsefagarbeidar
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå
Sjukeheimsvegen 5C, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver
- miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg
- observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
- bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag
- bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- samarbeid med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald, etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
- gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Du vert motivert av faglige utfordringer i møte med personer med demens
- Du tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- Du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt
- Du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt
- Du bidreg til å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak
- Du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- Du er trygg, rolig og forutsigbar i møte med personar med demens, samt god til å bygge tillit
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- eit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljø
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgaver
- årsturnus
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
- fagdag i turnus
- elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
- stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5C6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5089887080
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Sissel Reite
Seksjonsleiar
+47 99210028
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e29a996d-4f3c-4d0a-8db6-99110d4c7386
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e20c37b6726e4ed18544e85725d29cbf