Psykolog / Psykologspesialist
Stillingsannonsen er inaktiv.Rehabiliteringssenteret AiR AS
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland, Vinje
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverke til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
AiR-klinikk har fem tverrfaglege team beståande av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
Som psykolog vil du inngå i tverrfagleg team der du bidreg med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Interesse for undervising og gruppeprosessar
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Engasjement i tverrfagleg samarbeid
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Arbeidsoppgåver:
Medverke til å styrke ressursar og moglegheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:
- Individuelle konsultasjonar og rettleiing
- Undervising av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartleggings -- og vurderingssamtaler
- Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Henvisingar ved behov
- Tverrfagleg sparring og samarbeid
Me tilbyr:
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Me ser fram til å høyre frå deg.
Søknadar vurderast fortløpande fram til søknadsfristen 31. januar 2022.
For meir informasjon, kontakt:
Leiar klinikk Anita Vatnebryn tlf +47 957 30 942, anita.vatnebryn@air.no, eller assisterande leiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR AS
Adresse
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland
Hjemmeside
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsarbeidet og av våre tilsette i fritida. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar. Senteret har ca. 65 årsverk og 85 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.
Om stillingen
Stillingstittel
Psykolog
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. februar 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: e2980a77-4ac1-4965-8ab4-c5c0269930d3
Stillingsnummer: e2980a77-4ac1-4965-8ab4-c5c0269930d3