Miljøterapeut/miljøarbeidar, 40% - 90% faste stillingar
Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har fagansvarlege miljøterapeutar, dedikerte leiarar, og vi har ein eigen avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.
Vi legg vekt på brukarmedverking i det daglege der "Aktiviteter i dagleglivet" (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.
Vi har ledig 90 %, 50 % og 40 % faste stillingar, som miljøterapeut/miljøarbeidar. Arbeid kvar fjerde helg, samt ei stilling på natt.
Er du glad i naturen og likar fysisk aktivitet, då er du den personen me søkjer.
Stillinga er knytt opp til ei ung brukargruppe som er fysiske aktive og er avhengig av god struktur i kvardagen. Me søkjer personar som likar spennande utfordringar og fysisk aktivitet.
Du vil jobbe i team, men også mykje sjølvstendig.
Arbeidsoppgåver:
- Følgje brukar i dei daglege gjeremåla
- Rettleiing av bebuarar
- Vere med å utarbeide tiltaksplanar
- Åtferdshandtering
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som vernepleiar eller anna miljøterapeutisk kompetanse, alternativt relevant fagbrev
- Ha sertifikat for bil
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ynskjer at:
- du har erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- du har kjennskap til åtferdsanalyse
- du har kjennskap til Helse- omsorgstjenesteloven kap 9.
- du har god kunnskap i bruk av elektroniske hjelpemiddel og verktøy
- du har sertifikat for bil
Vi søkjer etter deg som er:
- strukturert, pliktoppfyllande og lojal
- flink til å samarbeide
- endringsvillig
Vi tilbyr:
- Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
- Fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
- Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
- God pensjonsordning
- Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass
For stillinga gjeld:
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Det vert lagt vekt på personleg eignaheit.
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg
inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden
ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til
registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store
bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som
du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har
oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan videregåande skule.