Sjukepleiar 50% fast - Bømlo heimeteneste
Bømlo heimeteneste søkjer sjukepleiar til 50% fast stilling frå 1. desember 2020. Bømlo heimeteneste organiserer tilbod om heimesjukepleie, heimerehabilitering, praktisk bistand, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse. Mål for heimetenesta er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver:
- Utføre praktiske sjukepleieoppgåver og tiltak, samt observere brukars tilstand/behov
- Samarbeide og vegleie andre yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeide med brukarane, pårørande, fastlegar, legevakt, sjukehus m.m.
- Samarbeid med andre kommunale tenester
- Ansvar for dokumentasjon i profil
- Sjølvstendig ansvar for å halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Du må trives med variert arbeid, lika ein viss grad av uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo
- Kunna bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit triveleg og kjekt arbeidsmiljø saman med kollegaer som har fagleg engasjement og fokus på utvikling
- Tilbod om internundervisning
Andre opplysningar:
- Det er krav om gyldig politi-/tuberkulose attest
- Stillinga vert løna etter gjeldande regulativ
- Tilsetjinga skjer på vanlege kommunale vilkår
- Ein må kunna disponera eigen bil i tenesta
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elin Akse Vik - 53 42 37 53 / 412 48119
eller avdelingsleiar May Linn Bortne - 53 42 34 44 / 917 63 643