Avdelingsleiarar 100 % fast stilling ved Valderøy ungdomsskule - Oppvekst
Stillingsannonsen er inaktiv.Giske kommune
Giske
Presentasjon av stillinga:
Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen sitt leiarteam og jobbe med pedagogisk leiing,
personalleiing og administrative oppgåver? Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2019.
Valderøy ungdomsskule har elevar i all hovudsak frå Vigra og Valderøya. Skulen vil ha omlag 280 elevar neste skuleår fordelt på tre trinn, med tre og fire klassar på kvart trinn.
Leiargruppa, som er rektor og tre avdelingsleiar, har ansvar for skulen si utvikling og resultat. Rektor vil fordele pedagogiske og administrative arbeidsoppgåver ut frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og interessefelt. Administrasjonsressursen og undervisningsdelen er på ca 50 % kvar, men kan bli endra ut frå behov.
Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.
Administrajons-/undervisningsmålet i Giske kommune er nynorsk.
Den som blir tilsett må legge fram gyldig politiattest.
P.g.a. samasetjinga i administrasjonen blir menn oppfordra til å søke.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar vektlagt ved tilsetjing.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Overordna IKT-ansvar, HMS, koordinering av vikarbehov, timeplanlegging, organisering av ulike prøver og undersøkingar, oppfølging av elevsaker, heim - skule samarbeid, undervisning m.m.
- I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, ansvar for den daglege personaloppfølginga i sitt team.
- I lag med resten av leiarteamet vere ein pådrivar i utviklingsarbeid, - i samsvar med Giske kommune sitt verdidokument, kvalitetsplanen for skule, barnehage og sfo, og nasjonale planverk.
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
- Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i administrasjon og leiing - gjerne rektorskulen
- Helst relevant leiarerfaring
- God digital kompetanse og interesse for digitalt utviklingsarbeid
- God kunnskap i norsk - både munnleg og skriftleg
- Avdelingsleiar må kunne dekke nokre av fagområda teknologi/koding, arbeidslivsfaget, sal og scene, musikk.
Personlege Eigenskapar
- Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
- Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement
- Vilje og evne til å arbeide ryddig, strukturert og målretta
- God relasjonskompetanse - evne til å involvere personale, foreldre og elevar i utviklingsarbeidet.
- Ønskje om og evne til å påvirke.
Vi tilbyr
- Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Nina Rødland Rabben, einingsleiar/rektor, (+47) 47371121
Arbeidsstad
Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4030246295
Stillingsbrøk: 100%
Heltid, Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030246295&company_id=3203199427&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Giske kommune
Adresse
6050 Valderøya
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Om stillingen
Stillingstittel
Leder (undervisning)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 4. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9988880
Stillingsnummer: e238af11-d8ec-4151-85df-f3f5c61abc81