Fysioterapeut
Ledig driftstilskot for fysioterapeut
Luster kommune har ledig avtaleheimel for fysioterapeut på 18 timar pr. veke frå 01.06.2020.
Nærare opplysningar kan du få ved å kontakte leiande fysioterapeut Kari Ingeborg Bukve, tlf. 57 68 56 20 /989 03 839, e-post kari.ingeborg.
bukve@luster.kommune.no eller helsesjefKnut Cotta Schønberg tlf. 57 68 56 00, e-post knut.cotta.schonberg @luster.kommune.no
Søknadsfrist: 08.03.20
For meir informasjon og å søkje på stillingen, klikk på “Søk på stilling” knappen på høgre side.
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen er organisert etter ein tilpassa 2-nivå-modell og har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no