Kommunelegar i nordsjøturnus
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Fedje kommune søkjer fire kommunelegar i nordsjøturnus med fastlege og legevakt.
Etter nesten 40 år går vår kommuneoverlege av med pensjon. No ønskjer vi å etablera ein ny modell for legetenesta, der vi har beredskap på Fedje heile døgnet. Ordninga skal innførast seinast 01.01.2022. I utgangspunktet vil kommuneoverlegen arbeide to veker, medan to andre legar arbeider ei veke kvar. Du er på vakt heile døgnet når du er på arbeid. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er vanlegvis fredelege. Legekontoret er ope tre dagar i veka, er utstyrt med nødvendig medisinsk utstyr og er samlokalisert med sjukeheimen. I tillegg til fastlegeoppgåver og legevakt, har legen faste dagar på sjukeheimen og helsestasjonen.
Fedje kommune har som mål at alle innbyggjarar skal ha tilgang til gode allmennlegetenester, tilpassa sine behov. Vi ynskjer først å få på plass kommuneoverlegen 67% stilling, som kan vere med på å utvikle tenestene i løpet av 2021. Det er fast tilsetjing, og legekontoret vert drive av kommunen.
Dei to andre legane jobbar ei veke kvar i månaden. Desse kan verte fast tilsette, eller få fast honorar som næringsdrivande. Det kan verte 9 - 10 veker i året på kvar av desse to vikarlegane. For å dekkje full legevakt søkjer vi i tillegg etter ein lege som går berre helgevakter.
Til kommuneoverlegestillinga er det krav om samfunnsmedisinsk utdanning. Om du ikkje fyller krava til samfunnsmedisinsk utdanning, kan Fedje kommune vurdere mogleg samarbeid om felles kommuneoverlegetenester. Tilsetjinga vil i så fall vere i ei kommunelegestilling 67% med fastlegetenester og legevakt. Ansvar og oppgåver Ny kommuneoverlege vil kunne medverke til utforminga av stillinga sitt innhald, men følgjande oppgåver er sentrale:
- Følgje opp kommunen sitt ansvar for fastlege- og legevakttenester.
- Drive medisinskfagleg rådgjeving og bidra aktivt i det overordna folkehelsearbeidet
- Tilsynslege på Fedje sjukeheim
- Helse- og skuleteneste
- Miljøretta helsevern
- Smittevern, leiing og koordinering av kommunen sitt arbeid i samarbeid med t.d. pandemiar
- Ansvar for å følgje opp kommunen sitt lovpålagte og førebyggjande arbeid innanfor ansvarsområdet.
- Dette inneber m.a. å sikre at kommunen har gode planar.
- Samarbeid med overordna helsemynde, helseføretak, Mattilsynet og samarbeidskommunar.
- Utviklingsarbeid og sikre effektive tenester med vekt på førebygging og effektiv drift.
- Sikre god kunnskapsutvikling, erfaringsdeling og eit godt inkluderande arbeidsmiljø
- Stillinga inngår i kommunen si kriseleiing
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Spesialist i allmennmedisin
- Spesialist i samfunnsmedisin eller under utdanning til dette (gjeld kommuneoverlegestillinga)
- Norskkunnskapar på minimum nivå B2
- Erfaring frå kommunehelseteneste og leiing er ynskeleg
- Gode IT-ferdigheiter
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Systematisk, fleksibel og løysningsretta
- Oppteken av å løfte fram andre -- god rolleforståing
- Er interessert i og trivest med utviklingsoppgåver og innovasjon
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Robust og stor arbeidskapasitet -- klarer å stå i krevjande situasjonar og ta leiinga
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
- Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
- Pensjonsavtale i KLP
- Fastløn etter avtale
- Spennande utviklingsoppgåver og tverrfagleg miljø
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Flyttegodtgjersle etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad/tomt
- Gratis barnehage og eit godt oppvekstmiljø
- Svømmebasseng
- Eit variert kultur- og idrettstilbod
Tiltreding kommuneoverlege 67% medio september, dei andre stillingane seinast 01.01.2022
Du må legge fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar før du kan ta til i stillinga.
Søknadsfrist 13.juni 2021
For meir informasjon, kontakt helse- og omsorgssjef Annika Tvedt Villanger tlf. 45416956, rådmann Gjermund Hagesæter tlf. 93420679, eller send e-post til postmottak@fedje.kommune.no .
Me ønskjer to referansar i søknaden. Vitnemål, attestar og autorisasjon kan leggjast fram i evt. intervju. Du søkjer på stillingane ved å trykke på den grøne knappen «Send søknad» oppe til høgre.
NB! Last opp din CV frå Word eller sosiale medium - slik vert søknaden mykje lettare.
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gjermund Hagesæter, Tlf: +47 56165100, Mobil +47 93420679, Epost: gjermund.hageseter@fedje.kommune.no
Om bedriften
Fedje -- Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!