Ferievikar helse og omsorg 2021
Org.nr.:864338712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Me treng ferievikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, assistentar m.fl. i pleie- og omsorg sommaren 2021. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2. helg.
Du som søkjer må være over 18 år.
Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande i perioden: veke 25 - 32.
Dei som ynskjer å arbeide i heimetenesta, må ha sertifikat.
Dei som ynskjer å arbeide i bu- og avlastningstenesta bør ha sertifikat.
Arbeidsoppgåver
Me kan tilby ein spanande og gjevande sommarjobb med menneske i alle aldersgrupper og med ulike hjelpebehov
innanfor fylgjande område:
Osterøytunet, heimetenesta, natt-tenesta, bufellesskap - miljøarbeid, avlasting funksjonshemma, personleg assistent, psykiatri og hovudkjøkken institusjon.
Kompetanse
Sjukepleiar, vernepleiar eller fagarbeidar innan helse-/omsorgsfag, men andre kan og søkja.
Tidlegare erfaringar innanfor feltet er ein fordel, men ikkje noko krav då intern opplæring vil bli gitt.
Det vil bli lagt vekt på at søkjar er fleksibel og har gode evner til samarbeid.
Vi tilbyr
Kommunen tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale.
Kommunen har nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som treng dette på den plassen ein blir tilsett og som ikkje har slikt kurs frå før. Dette må ein bestå før ein byrjar i stillinga
Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja er det krav om politiattest jf Helse og omsorgstenestelova §5-4.
Søknad
Kontaktpersonar:
Osterøytunet: Åse Vevle, tlf: 56192501 / 91394014 e-post: ase.vevle@osteroy.kommune.no
Heimetenesta: Anne B. S. Jørgensen, tlf: 56192613 / 40806942 e-post: anne.jorgensen@osteroy.kommune.no
Bu- og avlastingstenesta: Hege Cathrine Høvig, tlf: 98838777 e-post: hege.cathrine.hovig@osteroy.kommune.no
Psykisk helse og rusomsorg: Trude Dingsør-Totland, tlf: 56192275 / 91731947 e-post: trude.dingsor-totland@osteroy.kommune.no
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Psykisk helse- og rusomsorg, Trude Dingsør-Totland, Tlf: +47 56192275, Epost: trude.dingsor-totland@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna