Er du den rette for Store Ringheim Hotell og Restaurant AS?
Me ser slutten på pandemien og ei strålande framtid lyser bak horisonten. Me vil ta eit steg attende og treng forsterkingar i leiinga og vil gjerne ha med deg som kan vera ei positiv kraft på laget vårt vidare framover. Om du er klar for nye utfordringar og har ein ide om korleis du kan tilføra laget vårt det som trengs for å fortsetja å veksa set me pris på om du sender oss nokon ord om deg og kva du kan tilby.
Me søkjer deg som likar utfordringar, er glad i å arbeida med menneske både som medarbeidarar og gjester, som har brei erfaring frå hotell og restaurantnæringa og vil slå seg ned på fagre Voss og vera med på ferda med å utvikla Store Ringheim til å vera "ei reise verdt". Stillinga er krevjande men gjev også mykje glede sidan me er ein liten organisasjon, så det vert også ein god del gjestekontakt og ein del praktisk arbeid.
Stillinga omfattar personalansvar og rekruttering/opplæring, operativt ansvar for drifta av hotell, restaurant og kjøken herunder budsjettansvar, lagerkontroll og bestilling. Stillinga ligg under dagleg leiar og rapporterer til denne.
Søkjaren bør snakka godt Norsk eller eit anna Skandinavisk språk samt flytande Engelsk, utdanning og praksis innan vin/øl og mat er ein stor føremun.
Send oss nokre ord om kvifor nettopp du er den rette for oss og legg ved cv og referansar.
Om bedriften
Store Ringheim er eit lite hotell med ein middels stor restaurant liggjande i åssida 1km frå Voss Sentrum. Store Ringheim er ein stolt medlem av de Historiske Hoteller og Spisesteder, www.dehistoriske.no
Hotellet har 15 rom i to hus, Gardshuset frå 1860 - 1650 med 6 rom og Reidskapshuset med 9 rom. Romma er av høg standard og god storleik.
Restauranten har tre rom pluss uteplass med glashus (40m2) og terasse til servering. Restaurant Flor`n er eitt av romma, der serverer me ala carte. Dei to andre romma er til bankett eller konferanse.
Restauranten er svært velrenommert og skårar høgt på Tripadvisor osv. All mat vert laga frå grunnen, stort sett basert på lokale, ureiste råvarer.Me har eit eige grovkjøken der me tek inn og parterer heile dyr frå lokale slakteri eller jegrar. Verksemda har eigen grønsak og bærhage som også omfattar ein urteavdeling. Me har også avtale med fleire leverandørar av sopp, bær, urter osv frå naturen.
Kundegrupper er high end Norske og utanlandske gjester