Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk - st. nr. 6/2019
Jobbnorge ID: 164851
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for språk og litteratur, er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk frå 1.8.2019.
Kvalifikasjonar
For tilsetting som førsteamanuensis må søkaren ha doktorgrad i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande. Søkarar med spesialisering innanfor språk- og tekstvitskaplege emne eller skriving/skriveutvikling vil bli føretrekte, men søkarar med spesialisering innanfor nærliggande område kan også vere aktuelle kandidatar. For tilsetting som høgskulelektor må søkaren ha mastergrad/hovudfag i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande. Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande pedagogisk kompetanse er ein føresetnad for tilsetting. Arbeids- og undervisningsspråket ved instituttet er norsk, og søkaren må meistre både bokmål og nynorsk.
FoU-arbeid og arbeidserfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skule eller lærarutdanning blir tillagt vekt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi ønsker søkarar som har ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid, og som har evne til å engasjere studentane både i undervisning og rettleiing. Søkaren bør kunne legge til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning. Elles ønsker vi ein medarbeidar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og med evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.
Arbeidsområde
Arbeidsområdet for stillinga er primært knytt til norsk i grunnskulelærarutdanninga, og vil særleg omhandle språk- og tekstvitskaplege emne. Den som blir tilsett, må også vere budd på å undervise i andre norskfaglege emne i tråd med behova på instituttet, hovudsakleg innanfor grunnskulelærarutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning og vidareutdanningstilbod. Sentrale emne i desse utdanningane er lese- og skriveopplæring, munnleg kommunikasjon, språkvitskap, litteraturdidaktikk, norsk som andrespråk, lese- og skrivevanskar, multimodale tekstar og nynorsk i opplæringa. I ei førsteamanuensis-/førstelektorstilling vil også arbeid med rettleiing av masterstudentar vere aktuelt.
Institutt for språk og litteratur ønsker å legge til rette for at fagleg tilsette har tid til forsking og fagleg utvikling innanfor stillinga. Det er positivt om søkaren kan legge ved planar for FoU-arbeid og vidare kompetanseheving.
Vi kan tilby varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap. Nye tilsette får ekstra oppfølging det første året gjennom kollegabasert mentorordning, og ein får tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. Vi har gode vilkår for forskingstid og fleire aktive forskargrupper som ein kan delta i, på ulike felt innanfor faget.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 565 500 - 713 400/
høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 - 619 300.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master/hovudfagsoppgåve og eventuell doktorgradsavhandling)
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. (berre faste stillingar). Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Søknadsfrist: 7. mars 2019
Kontakt
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Pål Hamre, Seksjon for norsk i lærarutdanningane, e-post: phamre@hivolda.no, tlf. 70 07 52 69 eller instituttleiar for Institutt for språk og litteratur, Jorunn Hetland, e-post: jorunn.hetland@hivolda.no, tlf. 70 07 50 63.
Om Institutt for språk og litteratur
Institutt for språk og litteratur tilbyr norskfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanninga og i praktisk-pedagogisk utdanning, og årsstudium og fordjupingsstudium i nordisk språk og litteratur. Vi har ein mastergrad i undervisning og læring med fordjuping i norsk, og ein mastergrad i nynorsk skriftkultur. I dei femårige grunnskulelærarutdanningane har vi mastertilbod i norsk både innanfor grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. Vidare tilbyr instituttet årsstudium i engelsk, årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar, og vi har etter- og vidareutdanningstilbod i norsk og engelsk. Vi samarbeider med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som held til ved same avdeling.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.