Tannlegar
Org. nr: 976247035 Stillingsident: 4384533735 Presentasjon av stillingen:
Vestland tannhelseteneste - område Søraust, har ledig to100% vikariat som tannlege gjeldande frå 07.05.21 tom. 17.03.22 og frå16.06.21 tom. 25.06.22. Tenestestad er for tida ved Sveio tannklinikk med ambulering til Bremnes tannklinikk.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege, og beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi tilbyr
Vi tilbyr løn etter avtale med ei minsteløn på kr 580 000,-. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2 ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjar bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4384533735
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2021
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).