Edland skule har ledig inntil 100% vikariat som fagarbeidar / assistent i skulen og SFO frå 15.08.2019 – 31.07.2020 – ID 1673
Edland skule har ledig inntil 100% vikariat som fagarbeidar / assistent i skulen og SFO frå 15.08.2019 – 31.07.2020 – ID 1673
Me ynskjer fagarbeidar / assistent som har fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Gode samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
• Utdanning og erfaring frå liknande arbeid
• Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
Arbeidsoppgåver:
• Assistent i skulefritidsordning
• Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
• Arbeid i skule og SFO med elevar som har spesialundervisning
• Skulematordning
Me kan tilby:
• Eit positivt og godt arbeidsmiljø
• Løn over gjeldande tariff
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Søknadsfrist 01.08.19
Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.
Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysingar om stillinga ved skulesjef Heidi S. Hylland tlf. 971 86 876 – heidi.hylland@vinje.kommune.no
Velkomen som søkjar hjå oss.