100 % vikariat som miljøterapeut f.t. ved Tenester for funksjonshemma med moglegheit for fast tilsetting
Stillingsannonsen er inaktiv.Nord-Fron kommune
Tenester for funksjonshemma
Beskrivelse
Dette er ei spennande stilling i "Prosjekt Barnebustad" med ein variert og allsidig arbeidskvardag i eit godt innarbeidd team. Prosjektperioda varer til medio 2020.
I prosjektperioda inngår stillinga i turnus med døgnvakter, slik at miljøterapeutene bor saman med ungdommen.
Nord-Fron kommune har ledig 100 % vikariat som miljøterapeut i barnebustad frå dags dato. Dette er eit langtidsvikariat med moglegheit for fast tilsetting. Ved evt. fast tilsetting vil det bli andre arbeidsoppgåver etter prosjektperioda.
Denne stillinga er knytt til eit behandlings- og omsorgstilbod til ungdom med autisme som Nord-Fron kommune har etablert. Habiliteringstenesta i Oppland er ansvarlege for behandingstilbodet og Nord-Fron kommune er ansvarleg for omsorgstenestane i barnebustaden. Det blir tilrettelagt for eit tett samarbeid og rettleiing. Målet er gi ungdommen erfaringer, kunnskap og ferdigheter for å kunne ha et aktivt og sosialt liv og å bidra til å bygge ferdigheter som trengs for å leve et mest mulig sjølvstendig vaksenliv. Teamet består av dyktige miljøterapeutar som har god kunnskap om det å leve med autisme og aktive engasjerte assistenter som har variert bakgrunn, kompetanse og fritidsinteresser som er viktig for at målet skal nås.
Foreldra har ei viktig og aktiv rolle i ungdommens liv og er ein naturleg samarbeidspartner.
Dei som blir tilsett i dette tiltaket, vil ha eit samarbeid med eksisterande fagteam i verksemda for å oppnå kompetanseoverføring og synergieffekt. I prosjektperioda skal det arbeidast systematisk for å byggje kompetanse på autisme for å kunne gje kvalifiserte tenester i framtida til barn, ungdom og vaksne.
Etter prosjektperioda vil stillinga inngå i ordinær drift utan døgnvakter i eit ambulerande miljøterapeut-team.
Kvalifikasjonar
Off. godkjent utdanning som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning. Kunnskap og erfaring med menneske med autisme er ønskeleg. Utdanning innan friluftsliv, pedagogikk eller psykisk helse vil styrke teamet.
Menn oppfordrast til å søkje sida det er viktig med rollemodellar av begge kjønn for ungdom.
Politiattest og tuberkulinattest av nyare dato er kravd for stillinga.
Det er ønskjeleg at du:
- Har evne til å planlegge, utarbeide og følgje opp faglege opplegg og rutinar.
- Kan ta imot og gi rettleiing.
- Kan arbeide i team ved dagleg oppfølging av brukarar.
- Er initiativrik og løsningsorientert.
- Mestrer og er glad i friluftsliv og fysisk aktivitet/trening, og kan motiverer for desse aktivitetane.
- Har kjennskap til dataspill.
- Kan beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Har førarkort klasse B.
Vilkår
Løn etter kvalifikasjonar og svært gode pensjonsordningar i KLP.
Vi tilbyr:
- Turnus med døgnvakter og evt. langvakter/ordinære vakter ved vidare vikariat/fast ansettelse.
- Fagleg fokus og tverrfagleg kompetansebygging.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Adresse
Givravegen 1, 2640 Vinstra
Nord-Fron kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu, ligg i Gudbrandsdalen midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har 5.800 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har 13.500 innbyggarar og er eit av dei mest attraktive ferie/ fritidsområda i landet. Nord-Fron kommune har eit rikt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskule, idrettslag og private kulturforvaltarar. Kommunen har både kunstgrasbane, friidrettsanlegg, badeland og eit stort skiløypenett. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge med eit godt skule- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skule. Med opning av ny E6 gjennom Gudbrandsdalen opplever vi at regionsenteret Vinstra blir sett tydelegare på kartet og vi opplever nå ein sterk vekst innafor næringsverksemder. I Nord-Fron er det stoltheit, optimisme og framtidstru!
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 8. mars 2019
Hentet fra: Nord-Fron kommune
Referanse: enterprise.nord-fron.kommune.no/recruitment/opening?1?606/2019
Stillingsnummer: e10ed456-ff9f-4fbc-8b9d-c040c22532be