Sjukepleiar, 59,86% fast
Ledig fast sjukepleiarstilling på 59,86 % heimebasert teneste med Base i Skånevik.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie heimebasert.
Dokumenterer den sjukepleie som utøvast gjennom sjukepleieplanar iProfil
I samarbeid med øvrige medarbeidarar koordinere pasientbehandling og tilbod til brukarane
Delegere arbeidsoppgåver innan det til eitkvar tid gjeldane ansvarsområde, slik at oppgåver samsvarar med personalets kvalifikasjonar
Veileder for medarbeidarar, brukarar og pårørande
Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø
kompetanse:
Godkjent sjukepleiar
Gode datakunnskap
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me leitar etter deg som har eit positivt syn på livet og har godt humør
Har god fagleg innsikt og tryggleik
Er besluttningsdyktig og sjølv stendig
Har gode evner til samarbeid, koordinering, delegering og kommunikasjon
Tør å ta ei utfordring
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
25.000 kroner over tarifflønn
4 veker samahengande ferie om sommeren
MOT kommune
godt arbeidsmiljø
fokus på personleg utvikling og læring
Fagdagar
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.