Avdelingsleiar i Bu- og aktivitetstenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
FAST 100% STILLING SOM AVDELINGSLEIAR I BU- OG AKTIVITETSTENESTA
I bu- og aktivitetstenesta har vi i dag seks ulike bufellesskap og eit aktivitetshus.
Den ledige stillinga er per i dag tillagt ansvar for to av bufellesskapa.
Vi ser etter ein tydeleg og fagleg sterk leiar som er samlande og har evne til å skape tillit, heilheitlegetenester og gode resultat.
Stillinga inneber dagarbeidstid.
Arbeidsoppgåver:
- Fag-, drifts- og personalansvar
- Utvikling av tenesta innafor budsjettramme
- Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
- Kvalitets- og utviklingsarbeid
- Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
- Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
- Vere ein aktiv bidragsytar i eininga, med fokus på godt samarbeid med pårørande/verge, kollegaer, tillitsvalde og verneombod
Dette er oppgåver som f.t er lagt til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som som kan bli initiert frå einingsleiar.
Kvalifikasjonar/fortrinn:
- Fortrinnsvis utdanning som vernepleiar, gjerne med etter- /vidareutdanning. Stillinga kan òg vere aktuell for sjukepleiar eller andre med relevant høgskuleutdanning
- Erfaring med brukargruppa er ein fordel
- Leiarerfaring, gjerne etter-/vidareutdanning innan ledelse
- Du er mål- og resultatorientert
- Du er interessert i velferdsteknologi og har solid digital kompetanse, med god kunnskap om turnus og bruk av elektronisk turnusverktøy
- Du har god muntleg og skriftleg framstillingsevne og kommuniserer godt på norsk
Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
Du må ha førarkort kl.B.
Personlege eigenskapar vi legg vekt på:
Vi ser etter deg som har engasjement og evne til å inspirere og motivere. Du er handlekraftig og evnar å møte og ta utfordringar.
Du har gode samarbeidsevner og er aktiv pådrivar for å bygge og utvikle eit godt arbeidsmiljø.
Du er god til å delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarane dine for å bygge gode team.
Som avdelingsleiar hos oss får du:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
- du får påverke din eigen arbeidskvardag og planlegging av arbeidsoppgåvene
- flotte og funksjonelle lokale
- gode pensjon- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale
- flyttegodtgjersle etter reglane i kommunen sin personalplan
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Adresse
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. mars 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3107161_188477_nn
Stillingsnummer: e0c578a4-114d-4f4e-8332-a8c9adbbdbcc