Barnahagestyrar i Fyresdal barnehage 100% fast
Fyresdal kommune søker styrar til Fyresdal barnehage i 100 % fast stilling frå 01.09.2020.
Fyresdal barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage og ligg nær sentrum, skule, helsehus - og naturen! Hamaren Aktivitetspark er eit av våre primærområde.
I Fyresdal barnehage skal barn og tilsette oppleve glede, læring og tilhøyring. Vi brukar den fantastiske naturen, lokala og eit godt arbeidsmiljø for å oppnå dette.
Vi ynskjer ein styrar som:
- Er utviklingsorientert -- det vil seie har evne til analytisk og strategisk tilnærming til utvikling av tenesteområdet, og er nysgjerrig på og har motivasjon for endringar.
- Har gjennomføringskraft -- det vil seie evne til å ta avgjersler og skape engasjement og involvering.
- Er relasjonsbyggar -- det vil seie å bygge lag som arbeider for same mål.
Hovudoppgåver:
- Leie og utvikle barnehagen.
- Oppfylle kommunens og staten sine målsettingar med tilsette.
- Samarbeide, deltake og bidra inn i kommunale og regionale nettverk.
- Ha fokus på resultatmåling og internkontroll.
- Sakshandsaming, tilrettelegging og iverksetjing av politiske saker.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent førskule-/barnehagelærarutdanning.
- Erfaring frå barnehage.
- Leiarerfaring.
Tilsetjingsvilkår:
For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Barnehageloven § 19.
Spørsmål?
Spørsmål om stillinga rettast til styrar Liv Johre-Bakke på liv.johre@fyresdal.kommune.no eller 977 60 221.
Søknadsfrist
Søknadsfrist: 23.08.2020.
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig og spenstig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har eit sterkt fokus på nytenking og utvikling.
Hovudmålsetjinga i kommuneplanen vår er:
Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.