Er du vår nye rådgjevar i frukt- og bærdyrking?
I Sogn og Fjordane har vi ledig fast stilling for rådgjevar med kompetanse på frukt- og bærdyrking. Etter drøftingar med aktuelle søkjarar, blir det avgjort om stillinga blir plassert ved kontoret vårt på Sandane, eller på Leikanger. På begge kontora har vi erfarne rådgjevarar som er ein del av eit aktivt og godt fagmiljø innan frukt- og bærdyrking. Den nytilsette vil arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane i faggruppe for frukt og bær. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver :
- Rådgjeving til frukt- og bærdyrkarar innanfor jord- og plantekultur.
- Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt
- Informasjonsverksemd
- Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognos
Vi tilbyr:
- Varierte, og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på frukt- og bærnæringa
- Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
- Gode høve for fagleg utvikling
- Stor grad av fleksibilitet og ansvar
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ynskjer ein medarbeidar med:
- Interesse for og kompetanse innan frukt- og bærdyrking
- Universitets- eller høgskuleutdanning innan jord- og plantekultur
- IInitiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd
Om bedriften
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekkjer seg frå Sunnmøre til Sunnhordland. Vi har om lag 30 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.