Pedagogisk leiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Byrknes barnehage og skule
Gulen
Barnehageavdelinga ved Byrknes barnehage og skule er lokalisert like ved skulen. Det er 1-2 avdelingar ved barnehagen, og 50-60 elevar ved skulen. Sjå www.byrknes.skule.no for årsplanar, bilete og meir informasjon.
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 15.08.19.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar:
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Løn over tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helge Pedersen, Tlf: 57781711, Epost: helge.pedersen@gulen.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Byrknes barnehage og skule
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!
Om stillingen
Stillingstittel
Pedagogisk leder (førskolelærer)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 31. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10011379
Stillingsnummer: e08aa8db-143a-4e83-b2b7-dae8c2ea6c9a