Rektor (100 % fast) Fogn oppvekstsenter
Stillingsannonsen er inaktiv.Oppvekst, Finnøy kommune
Finnøy
Frå 1. august 2019 er det ledig 100% stilling som rektor ved Fogn oppvekstsenter.
Fogn oppvekstsenter er ein barneskule med barnehage i same bygg. Elevane ved skulen er i dag organisert i tre avdelingar, 1.-4. klasse og 5.-6. klasse og 7. klasse. Som rektor ved oppvekstsenteret har du òg styraransvar for barnehagen.
Arbeidsoppgåver
Vi er på jakt etter deg som har lyst til å leia og utvikla eit av kommunen sitt oppvekstsenter. I rolla som rektor har du eit stort ansvar, men det ligg òg mange moglegheiter til å setja sitt eige preg på verksemda.
Rektor er ein del av oppvekstsektoren sitt leiarteam og deltek på kommunalsjefen sine leiarmøte.
Du vil som rektor mellom anna ha ansvar for desse oppgåvene:
- Dagleg drift av barnehage og skule
- Personaloppgåver
- Personalmøte, informasjonsmøte, ansvar for heim/skule-samarbeid
- Iverksette utviklingsarbeid
- Vurderingsarbeid
- Utføre for- og etterarbeid i høve drift når dette er nødvendig
- Noko undervising må påreknast
Ein av rektorane ved dei tre opp vekstsentra vil fungere som einingsleiar som vil vere ansvarleg leiar for oppvekstsentra, og rektor for sitt eige oppvekstsenter. På dei andre to oppvekstsentra vil det vere eigne rektorar.
Arbeidsoppgåver knytt til stillinga som einingsleiar:
- Økonomiansvar og budsjettstyring
- Overordna personalansvar
- Ansvar for at opplæringstilbodet er i samsvar med retningsliner og lovverk
- Fagansvar
- Det vil ikkje vera undervisning for den som vert einingsleiar
Presiser i søknaden din om du er interessert i ei stilling som einingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vi er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse innan begynnaropplæringa.
- Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og leiarevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med elevar og tilsette er påkravd.
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1.
Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål. Målform i kommunen er nynorsk. - Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggja føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
Me ynskjer deg som:
- er innstilt på samarbeid og som har evne til å jobba målretta med opplæring og organisering innan relevant fagområde.
- er fleksible og har godt humør.
- har gode evner til å byggje relasjonar.
- er gode på leiing og endringsarbeid.
- er opptatt av kvalitet, kor utvikling og læring står i sentrum.
- er engasjerte, kreative og løysningsorienterte.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Faglege utfordringar.
- Eit aktivt og positivt arbeidsmiljø.
Finnøy, Rennesøy og Stavanger slår seg saman til nye Stavanger kommune frå 01.01.2020. Ditt arbeidsforhold vert vidareført i ny kommune.
Kontaktinformasjon
Nils Petter Flesjå, kommunalsjef oppvekst, ( 47) 90592888, nils.petter.flesja@finnoy.kommune.no
Arbeidsstad
Fogn oppvekstsenter
4164 Fogn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Finnøy kommune
Referansenummer:4027156353
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 07.03.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Oppvekst, Finnøy kommune
Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman drygt 3200. Om sommaren doblar dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Grøderik jord, mildt klima, lune hamner, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til ein attraktiv plass å leve. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg om lag 40 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og <<Saman for folk i Finnøy>> er vår visjon. Det er om lag 340 tilsette som til saman utgjer 250 årsverk i verksemda Finnøy kommune. Finnøy kommune går saman med Stavanger og Rennesøy inn i nye Stavanger kommune frå 01.01.2020.
Om stillingen
Stillingstittel
Rektor
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 8. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9985678
Stillingsnummer: e073314b-4982-4c5b-9485-78ca00da2fcc