Lærarstillingar skuleåret 2021/2022
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4336385294 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune vert det frå 01.08.2021 ledige lærarstillingar i grunnskulen. Det vil vere både faste stillingar, og vikariat for skuleåret 2021/2022.
Arbeidsoppgåver
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre undervisninga og ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og elevane si fysiske og psykiske helse. Vi vektlegg såleis relasjonskompetanse, evne til å sjå heile eleven og å skape eit inkluderande og trygt læringsmiljø. Alle lærarar deltek i nettverksarbeid på eigen skule, mellom skulane i kommunen, og i lag med lærarane i Hareid kommune med fagfornyinga som hovudemne.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Ørsta kommune sine verdiar er uttrykt med omgrepa tillit, energi, løysingsvilje og utvikling . Den som vert tilsett i Ørstaskulen, må ha god relasjonskompetanse, vere godt personleg eigna og evne å byggje positive relasjonar med barn og unge. Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis. I Ørsta kommune ser vi kompetanse som dei samla kunnskapane, ferdigheitene, evnene og haldningane som gjer oss i stand til å utføre aktuelle oppgåver i tråd med definerte krav og mål.
Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar. Grunna elevar si deltaking i introduksjonsprogrammet for flyktningar, må tilsette ved Ørsta opplæringssenter vere budde på ettermiddags- og kveldsundervisning. Dei som skal arbeide med desse elevane må ha førarkort klasse B.
Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar. Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte.
Vi vektlegg også at lærarar har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og å bruke pedagogisk programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og nyttar G-Suite til arbeidet.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform.
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at alle som har norsk, engelsk og/eller matematikk i fagkrinsen sin skal få høve til å jobbe i heile stillingar.
Vi ber deg oppgi kva fag du har fordjuping i. Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Desse dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader. Den som vert tilsett, må kunne leggje fram gyldig politiattest etter opplæringslova § 10-9.
Vi tilbyr
Kommunen har gode pensjonsordningar i SPKfor undervisningspersonalet og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune.
Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kirsti Øy Driveklepp, Seksjonsleiar skule, 904 17 319, kirsti.oy.driveklepp@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4336385294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap