Sommarvikarar 2020 - Valle Bygdeheim, open omsorg og habilitering
Org. nr: - Stillingsident: 4177612962 Presentasjon av stillingen:
Sommarvikarar 2020
Valle Bygdeheim, open omsorg, vaskeri og habilitering søkjar ferievikarar innan fylgjande
stillingsgrupper:
Sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, vaskeriassistent, pleieassistent, miljøarbeidar, kjøkkenassistent og heimehjelp.
Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år.
Ferien vert avvikla i tidsrommet medio juni til medio august. Ynskt stillingstype, avdeling,
stillingsstorleik og arbeidsperiode må oppgjevast i søknaden. Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Vi tilsett sommarvikarar fortløpande, og det vil sendas ut tilbod om sommarjobb før fristen er gått ut !
Kvalifikasjoner
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B
- Fordel med erfaring frå helse/omsorg
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetting
Personlige egenskaper
- Du er trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobb
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du samarbeider godt med andre
- Du er fleksibel
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjera medarbeidarar
- Løn iht. regulativ
- Køyregodtgjering ytes etter off. regulativ
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet med norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er gode lønsvilkår for sjukepleiarar under utdanning som vil ha sommarjobb i Valle
CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfold.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, Leiar pleie og omsorg, 91247155
Arbeidsstad
Kjellebergsvegen 1
4747 Valle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Valle kommune
Referansenr.:4177612962
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 07.04.2020
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/