Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Indre Herøy og Leikanger sokn som særleg tenestestad.
Org. nr: - Stillingsident: 4165124800 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med særleg tenestestad i Indre Herøy og Leikanger sokn.
Stillinga har Indre Herøy og Leikanger sokn som særskilt arbeidsområde, men dei to prestane i Herøy fellesrådsområde arbeider tett saman og deler på oppgåver slik som gudstenester, gravferder, andakter, undervisningsarbeid og samtalar etter oppsett arbeidsplan.
Prestane er ein del av ein stor stab, og tek aktivt del i trusopplæring, konfirmantarbeid, leirarbeid og anna kyrkjelydsarbeid. Ein ynskjer også at prestane tek del i arbeidet knytt til sosiale media som medadministrator av heimeside, facebook og instagram.
Staben samarbeider med råd og frivillige om planar, struktur og visjonar for kyrkjelydsarbeidet i dei tre sokna. I Herøy ynskjer ein å arbeide aktivt for å skape gode relasjonar mellom kyrkje og samfunn i bygdene.
Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
- I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
- Alle prestar i prostiet er med i beredskapsordning.
- Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, og du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
- Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
- Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
- Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
- For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt.
- Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
- Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Personlege eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
- Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
- Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper
Vi tilbyr
- Fellesskap i eit ungt kollegium.
- Kontorfellesskap med prest, trusopplærar, ungdomsdiakon og andre kyrkjeleg tilsette i Herøy kyrkje. Dette er ei ny og stor kyrkje med mange gode lokalitetar; kyrkjesal, kapell, kjøkken, godt ungdomslokale, aktivitetshall, open barnehage, auditorium m.m.. Eit bygg som gjev store moglegheiter for mykje god aktivitet!
- Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
- Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
Godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Matre, Prost, 948 06 965
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirke
Referansenr.:4165124800
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2020
Om bedriften
Indre Herøy sokn og Leikanger sokn ligg i Søre Sunnmøre prosti. Prostiet er tenestedistrikt, og dette omfattar kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta med til saman 20 sokn og 44.500 medlemer i Den norske kyrkja.
I Herøy kommune er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg. Desse 3 sokna utgjer Herøy kyrkjelege fellesråd. Indre Herøy kyrkje vart vigsla i 1916 og Leikanger kyrkje vart vigsla i 1873. Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kyrkjekontor, ungdomsavdeling med amfi og eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé.
Herøy er ei kystkommune, med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer som er bundne saman av bruer. Kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Kommunen ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og er landfast til Ørsta/Volda (3 kvarter) med flyplass og god kommunikasjon gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør for Ålesund. Herøy kommune har ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet, i tillegg er det eit aktivt kulturliv innanfor mange områder. Her er gode skuletilbod og full barnehagedekning.