ID 1601 Reinhaldsoperatør -- Stord kommunale eigedom
Det er ledig ei fast 46,66% stilling som Reinhaldsoperatør. Avdeling reinhald i Stord kommune har ansvar for reinhald av dei aller fleste kommunale bygg.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Utføring av dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg som ligg under ansvarsområdet til avdelinga.
- Arbeidsstart kl. 06.00.
Kvalifikasjonskrav:
- Det er ynskjeleg med fagbrev.
- Erfaring frå reinhald vil vere eit føremon.
- Stillinga har krav om bilsertifikat og bruk av eigen bil i tenesta. (Godtgjersle etter statens regulativ)
- Må kunne kommunisera på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Personleg eigenskapar vert vektlagt.
- Menn vert oppmoda om å søkja.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Tove Elin Anglevik Simonsen, tlf 53 49 68 13
Søknadsfrist: 05.07.20