Ass. tenesteleiar - Bygland oppvekstsenter
Org. nr: - Stillingsident: 4058309464 Presentasjon av stillinga:
Vikariat som assisrerande tenesteleiar ved Bygland oppvekstsenter avd. skule er ledig for skuleåret 2019/20.
Skulen har 1-10.klasse med ca. 100 elevar, på SFO det 25 born. Det er 23 tilsette, samla ca. 17 årsverk i skule og SFO.
Stillinga består av ca. 60% administrasjon, dei resterande 40% er ordinær undervisning.
Arbeidsoppgåver
- Saman med tenesteleiar ha ansvaret for den daglege drift av avdelinga.
- Ordne vikarar
- Dagleg leiar for SFO.
- Rapportering
- Oppfyljing av planarbeid
- Vere aktiv medspelar i pedagogisk utviklekgsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse og erfaring frå undervisning.
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig.
- God systeminnsikt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring inna spesialpedagogikk ein føremun
- God IKT- kompetanse.
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Eit positivt elevsyn.
- Løysingsorientert i ein hektisk kvardag
- Vere tydeleg og syneleg i skulekvardagen
- Gode organisatoriske evner
- Lojal overfor gjorde vedtak
- Personleg egna til stillinga
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Variert og utfordrande oppgåver og gode høve for fagleg og personleg utvikling.
- Ein skule med godt læringsmiljø og læringsresultat i fokus
- Gode kolegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode lokalitetar
Kontaktinformasjon
Gunnar Olav Attestog, Tenesteleiar, (+47) 90926140
Irene Moe, Ass.Tenesteleiar, 97660811, irene.moe.@bygland.kommune.no
Arbeidsstad
Bygland
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Bygland Kommune, Bygland oppvekstsenter
Ref. nr.:4058309464
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 30.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4058309464&company_id=4027659543&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.