Seksjonsleiar dagkirurgi/ 5-døgnspost
Stillingsannonsen er inaktiv.Avdeling for kirurgi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Vil du vere med på laget? Vi søkjer leiar til nyoppretta seksjon for dagkirurgi og 5-døgn elektiv sengepost.
Vi søkjer etter ein nytenkande og løysningsorientert leiar, og som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeider godt både internt og eksternt. Du har eit ønskje om å kunne bidra til utvikling av pasienten si helseteneste. Du vil få gleda av å leie engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente medarbeidarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø.
Seksjonen er under utvikling for dagkirurgi / 5 døgnspost. For å lukkast med dette, så må vi tenkje nytt og ta i bruk andre måtar å arbeide på. Du vil vere ein viktig pådrivar for at vi skal lykkast med å imøtekome fremtidas krav til dagkirurgi og elektiv drift. Seksjonen er ein del av det framtidige SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Det vil fortsatt vere høg aktivitet ved dagkirurgi/ elektiv verksemd i Kristiansund når nytt akuttsjukehus står ferdig i 2025.
Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at avdelinga sine ressurser blir forvalta til det beste for pasientane våre, saman med mange dyktige kollegaer. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef i avdeling for kirurgi Kristiansund.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Fag, personal- og resultatansvar
- Ansvar for kompetansekartlegging og rett fagleg utvikling av dei tilsette
- Ansvar for god ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Utvikle mål og handlingsplaner innanfor gjeldande rammer og strategier
- Aktiv deltakelse i leiargruppa i avdelinga
- Aktiv deltakelse i utvikling av pasientforløpet
Kvalifikasjonar
- Relevant leiarutdanning og/ eller -erfaring er ein fordel
- Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
- Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
- Gode datakunnskapar
- Må meistre norsk språk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er en utviklingsorientert leiar med gode kommunikasjonsevner
- Du er nytenkjande, framtidsretta og løysningsorientert
- Du er engasjert og trivast med å gjere andre gode
- Du er analytisk og strategisk
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du er opptatt av involvering og får folk med deg
- Du kan samarbeide med alle yrkesgrupper
- Du er ein kulturbyggjar som er opptatt av å få til ein felles kultur
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Øystein Bjerkestrand Lian, Avdelingssjef, 71 12 00 00, Oystein.Bjerkestrand.Lian@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4560718737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Avdeling for kirurgi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Hjemmeside
www.helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar dagkirurgi/ 5-døgnspost
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. oktober 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 1375d6062c1c48e38f2022e1c4ff0544
Stillingsnummer: df9d02c8-1eea-4237-b90b-bc1783467e3c