Sjukepleiar 80% fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4244280034 Presentasjon av stillingen:
Stillinga er for tida lagt til Sulatunet, langtidsavdelinga.Avdelinga er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker, der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim.
Avdelinga har 28 bebuarar, fordelt på 2 etg. Det er felles rapport i dei to etg. Den som blir tilsett må rekne med å arbeide i begge etasjene, dersom det er nødvendig for drifta.
Avdelinga har flinke fagfolk og utfordrande arbeidsoppgåver.
Bukollektiva har fellesareal, personalbase og heildøgns omsorgstilbod. Avdelinga nyttar velferdsteknologi. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp etter individuell vurdering.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleieroppgåver som for eksempel praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
Samarbeid med andre faggrupper og pårørande
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar.
- Krav om politiattest for stillinga.
Utdanningsnivå
-
Høgskule/Universitet
-
For utan gode faglege kunnskapar ser vi etter fleksible, stabile, pålitelege medarbeidarar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig. Arbeidet kan til tider vere tungt fysisk og den som blir tilsett må ha helse til å kunne utføre arbeidet i avdelinga. Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad. Personlege eigenskapar vert og sterkt vektlagd.
-
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
-
Todelt turnus med arbeid 3.kvar helg
Kontaktinformasjon
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar, 70198225, line.bjornevik@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sula kommune
Referansenr.:4244280034
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2020
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.