Sommarjobb i brebygda Jostedalen
Er du interessert i natur, brear og klima? Likar du å snakke med folk og informere om naturverdiar? Kunne du tenkje deg ein sommarjobb der du får brukt desse eigenskapane?
Breheimsenteret er besøkssenter for nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen, og ein naturleg stoppestad for dei besøkjande som kjem til Jostedalen. Vi treng engasjerte sommartilsette i sesongen 2021. Arbeidsperioden vil i hovudsak vera frå juli til medio august, men noko helgearbeid ut over dette kan bli aktuelt.
STILLINGANE
Medarbeidarar ved Breheimsenteret med arbeidsoppgåver innan aktivitets- og nasjonalparkinformasjon, guiding, informasjonsvertskap i Nigardsbreen naturreservat, servering, matlaging, butikksal og elles dagleg drift.
VI TILBYR
· varierte arbeidsoppgåver knytt til besøkande på Breheimsenteret
· eit triveleg og godt arbeidsmiljø
· opplæring i forkant av sesongen
KVALIFIKASJONAR
Du må:
· vere over 18 år og ha førarkort for personbil
· evne å formidle munnleg godt på norsk, engelsk og gjerne tysk
· ha interesse for natur og friluftsliv, og gjerne utdanning innan feltet
· trivast med arbeid ute og kunne ta med folk på tur
· evne å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
· vere positiv og serviceinnstilt
· syne fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
· erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskjeleg, men ikkje eit krav
For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Åslaug Hansegård på tlf. 57 68 32 50 / aaslaug@jostedal.com
Kortfatta søknad med CV sendast innan 5. april 2021 til Breheimsenteret, Brevegen 8, 6871 Jostedal, eller e-post: aaslaug@jostedal.com.
Om bedriften
Breheimsenteret i Jostedalen er eit autorisert besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Breheimsenteret har ei interaktiv utstilling, turistinformasjon og ein lunsjrestaurant. Jostedalen er omslutta av Jostedalen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark og det kjem mange besøkande som ønskjer å oppleve og lære meir om den storslåtte naturen og breane i nærleiken. Kvart år kjem det mellom 35 000 og 40 000 besøkande for å oppleve Breheimsenteret, mange av desse deltek og på dei ulike aktivitetane i naturen som Jostedalsområdet kan tilby. Sjølve senteret er ope frå 1. mai til 30. september.
Breheimsenteret skal vere ein naturleg møteplass for lokale og besøkande i Jostedalen, samle og spre kunnskap om omkringliggande verneområde, glasiologi og klima, og vere ein sentral aktør i lokal verdiskaping.