Tømrar - vikariat i to år
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Vi har ledig 2 års vikariat som tømrar i avdelinga for bygg, anlegg og elektro. Dei viktigaste oppgåvene i avdelinga er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg. Vi har i dag over 200.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 450 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal. Vi held til i driftstasjonen Stølen på Alverflaten.
Arbeidsoppgåver
- Reperasjon og vedlikehald av kommunale bygg
- Mindre tilbygg, endringar og ombyggingar
- Tilsyn med kommunale bygg
- Anna forefallande arbeid
Kompetanse
- Fagbrev tømrar
- Relevant erfaring kan oppveie for fagbrev
- Meistra norsk munnleg
- Pliktoppfyllande og lojal
- Positiv og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner
- Arbeida sjølvstendig, men også teamarbeid
Krav om politiattest
Vi tilbyr
- Ein spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
- Tilsetjing i hht gjeldande lov- og avtaleverk
- Vi tilbyr eit godt kollegialt miljø som har fokus på fleksibilitet og gode tenester
- God pensjonsordning
- Ein god og trygg arbeidsplass
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Jo meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Knut Hopland, Mobil 916 00 189, Epost: knut.hopland@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.