Helsesekretær
Omtale av stillinga
Halsnøy legesenter søkjer helsesekretær i 60% stilling. Ei av helsesekretærane våre går av med pensjon og vi søkjer difor etter ein medarbeidar i 60 % fast stilling.
I periodar kan det bli moglegheit for ekstra arbeid mellom anna under ferieavvikling, ved sjukdom og permisjonar. Stillingsstorleik kan aukast eller kombinerast med anna stilling i turnus i Sektor Omsorg, Helse og Sosial.
Arbeidsoppgåver er mellom anna pasientmottak, laboratorie- og skiftestovearbeid og merkantilt arbeid.
Kvalifikasjonar
Grunnleggande IT-kunnskapar er ein føresetnad, særksild kjennskap til InfoDoc. Opplæring vil bli gitt.
Du bør ha erfaring frå arbeid ved legekontor med laboratoriearbeid og vurdering av telefonførespurnader. Arbeid på legevakt og sjukehus vert rekna som relevant erfaring.
Vi ynskjer ein autorisert helsesekretær. Erfaring og kompetanse kan vege opp for manglande autorisasjon. Gode kommunikasjonsevner i norsk skriftleg og munnleg er ein føresetnad. Personleg eigenskapar blir vektlagt.
Forventa oppstart er 15.06.2020.
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Utviklande og spennande stilling der få dagar er like
- Eit godt fagmiljø
- IA-avtale og samarbeid med bedrifsthelsetenesta
Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Halsnøy legesenter er eit privat legesenter med driftsavtale med Kvinnherad kommune. Vi er 3 fastlegar og 3 helsepersonell som betener omlag 2400 pasientar.