System Architect Machinery
Org. nr: - Stillingsident: 4469233196 Presentasjon av stillingen:
Ulstein Design & Solutions styrkar designteamet og søkjer ein engasjert systemarkitekt. Du er nysgjerrig på teknologi og interessert i å utvikle berekraftige marine systemløysingar.
Designteamet bidreg i heile skipsdesignsyklusen frå skisse til seglande skip, samt med konsulterande arbeid også vidare i skipets levetid. Som systemarkitekt bidreg du i det multidisiplinære konseptutviklings-teamet som utviklar og definerer skip og skipssystem. Vi søkjer primært deg som har kunnskap om og bakgrunn frå arbeid med marine maskinsystem.
Arbeidsoppgåver
- Design og dokumentasjon av maskineri- og skipssystem i konseptutvikling av skip
- Design av kraftstasjonar og propulsjonssystem
- Design av skipets hjelpesystem
- Berekne effektivitet og drivstoff-forbruk
- Kartlegging av krav og utarbeiding av konkurransedyktige løysingar
- Oppfølging av engineering i skipsbyggingsprosjekt, samt bidra i ettermarknadsarbeid
- Samarbeid og kommunikasjon med rederi, myndigheiter, verft, utstyrsleverandørar m.m.
- Vere oppdatert på internasjonale reglar, krav og standardar, tilgjengeleg teknologi og utstyr i marknaden
- Salsstøtte
- Bidra i forsking- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Høgskule/ Universitet
- God kunnskap om marine maskinerisystem
- Teknisk, operasjonell og kommersiell kompetanse for skip og skipssystem
- Interesse og forståing for teknologi og teknologiutvikling
- Kjennskap til internasjonale reglar og standardar
- Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy. Erfaring med modellering og simulering er ein fordel
- Operasjonell erfaring frå skip og/ eller erfaring frå arbeid innan anna skipsrelatert verksemd
Personlege eigenskapar
- Engasjert og kreativ med gode kommunikasjonsevner
- Strukturert, med evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Problemløysande og analytisk med heilheitleg perspektiv
- Beslutningsdyktig med evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evne til å tileigne seg kunnskap, dele kunnskap og motivere andre
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Godt og utviklande arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ann Katrin Barstad, Manager Design, +47 915 30 971
Sølvi Gjerde, Finance & HR Manager, +47 924 17 105
Arbeidsstad
Osnesvegen 118
6065 ULSTEINVIK
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein Group
Referansenr.:4469233196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2022
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke ulike skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjekt- og siteoppfølging for skipsbygging.
Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for havvind, fiskeri, RoPax, cruise samt offshore olje og gass til den internasjonale maritime marknaden