Lærling - Barne og ungdomsarbeidar
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer lærlingar innan Barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2020. Oppstart vil væra medio august 2020, og den som vert tilsett får variert læretid i minst 2 einingar i løpet av læretida.
Vi søkjer
Engasjerte og motiverte lærlingar som ynskjer læretid saman med dyktige medarbeidarar i Kvinnherad kommune.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer lærlingar som er ferdig med to år vidaregåande opplæring og som såleis kan ha ei 2-årig læretid.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.