Er DU vår nye erfarne gullsmed-reparatør?
Stillingsannonsen er inaktiv.Zilver Neckless As
Kremarvegen 6, 5750 Odda, Ullensvang, Norge
Me søker deg, ein erfaren gullsmed med fagutdanning som kan reparera, jobba sjølvstendig og kan salg/kundebehandling ved behov. Om du har jobba mykje med fatting og gravering, er dette eit stort pluss hos oss. Gullhuset Odda er ei lærande bedrift som er kreativt orientert og har ein slagplan for alt, der ingenting er overlatt til tilfella.
På Gullhuset har me eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med høg takhøgde, der det leikne og kreative står i fokus. Me er ikkje ein tradisjonell gullsmedbutikk, så om du har evnen til å tenke utanfor boksen vil du passe rett inn.
Stillinga me vil du skal fylle er frå 30% - 70%. Om du ikkje har moglegheit til jobba kvar dag, men kanskje i ein turnus eller skift-ordning, kan me tilpasse dette til deg og avtale nærmare. Me kan også hjelpe til med bustad.
Om dette høyres interessant ut og du vil ein del av team gullhuset, send oss gjerne nokre ord og din CV med søknad på mail til: mayhelen@zilverneckless.no
Me tek gjerne eit intervju og ein live audition for å sjå om Gullhuset Odda kan passa for deg.
Dersom du kan tenkje deg å jobba i eit hektisk og triveleg miljø med mange kjekke damer i alderen frå 34 år til 70 år, så er du velkomen til oss! Helsing <<Gulljentene>>.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Zilver Neckless As
Adresse
Kremarvegen 6, 5750 Odda
Hjemmeside
Gullhuset Odda er ein gullsmedbutikk med verkstad som vart etablert i mars 2019 i Odda, Hardanger. Bak firmaet står gullsmed May Helen Bleie, som allerede i 2011 starta verksemda Zilver Neckless. Bakgrunnen for namnet er kjøpet av Gullhuset frå Haugesund i 2018, og ho valgte å ta dette navnet vidare når ho starta opp i Odda.
På Gullhuset har me sidan oppstarten hatt rundt 1700 reparasjons/redesign/ombyggings-oppdrag. Me har tre tilsette i fast stilling, gullsmed og innehavar, ein butikksjef som tek seg av butikken og ein ansvarleg for SoMe og marknadsføring. I tillegg har me frilans gullsmedar og gode hjelparar som er inne som ekstrahjelp ved behov.
Gullsmeden held i desse dagar på med mesterbrevet, for å betre kunna leia ei veksande bedrift. Me vil verta fleire tilsette og planen er å kunne ta inn lærlingar om nokre år. I framtida ligg også eit bytte av lokalitet for butikken og verkstaden Gullhuset.
Om stillingen
Stillingstittel
Gullsmed
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidstidsordning
Skift
Sist endret: 11. august 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: debeabdd-a926-434b-8961-d0ef1bb1953e
Stillingsnummer: debeabdd-a926-434b-8961-d0ef1bb1953e