Kontrollør IK-elektro og termografering
Til vårt hovudkontor på Nordfjordeid søkjer vi for snarleg tilsetjing:
Kontrollør IK-elektro og termografering
Arbeidsoppgåvene blir å utføre elkontrollar og termografering for næring og privatkundar, sal av serviceavtaler, oppfølging og planlegging av avtaler og ordrar. Erfaring som kontrollør er ein fordel men ikkje eit krav. Nødvendig opplæring og kursing vil bli gitt. Etter nærare avtale kan denne stillinga kombinerast med anna arbeid på installasjonsavdelinga vår. Ring oss gjerne for ein uformell prat.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar, minst 3 år praksis som elektrikar
- Beherske norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Sjølvstendig og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Varierte oppdrag i eit solid selskap med lang erfaring og mange bein å stå på
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige lønsvilkår, gode forsikrings-/pensjonsordningar
- Ei framoverlent bedrift som set pris på nytenking
Skriftleg søknad sendast innan 31.05.20 til asle.ronny@eidelektro.no
Nærare opplysningar kan ein få av avdelingsledar for Installasjon- og Prosjektavdeling
Asle Ronny Henden, tlf 57864780/97565200, mail: asle.ronny@eidelektro.no
Om bedriften
Eid Elektro AS blei etablert i 1980. Vi har i dag 75 tilsette. Firma er lokalisert med hovedkontor på Nordfjordeid, avdeling med tavleproduksjon i Bergen, samt montørbasestasjonar på Stadlandet og i Syvde