Kreativ dansepedagog
Stillingsannonsen er inaktiv.Volda Og Ørsta Ballettskule
Kyrkjegata 73, 6150 Ørsta, Ørsta, Volda, Norge, Ålesund
Er du vår neste dansepedagog? Sjeldan sjanse!
Arbeidsoppgåver
Førebuing og undervisning i dansesjangrane jazz, hip hop, step og tilsvarande
Førebuing og koreografi og gjennomføring av framsyningar
Kontakt med styre og føresette
Kunstnarleg og fagleg samarbeid med pedagogkollegaer
Rettleie og ha eit dansefagleg ansvar for assistentar
Bistå styret med profilering av tilbode mellom anna i sosiale medier
Bidra til å utvikle Ballettskulen kunstnarleg og kommersielt
Kvalifikasjonar
Du må ha dansefagleg, høgare utdanning
Det er ein fordel med pedagogisk utdanning i tillegg
Erfaring med koreografi av større oppsetninger
Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
Du må levere politiattest.
Vi opnar for søknader frå engelskspråklege pedagogar, under føresetnad at den som vert tilsett lærer seg norsk.
Vi tilbyr
Ein trygg og spennande jobb som dansepedagog med høgt nivå på elevane
100 % fast stilling
Ein triveleg arbeidsfellesskap
Flotte lokaler for dans
Gode muligheiter til kunstnarleg utvikling
Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
Obligatorisk tenestepensjon
Vi ser etter deg som:
Har svært gode samarbeidsevner
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigen arbeidskvardag
Får fram det beste i den enkelte elev
Skaper eit godt og trygt dansemiljø og arbeidsmiljø
Har gode, digitale ferdigheiter
Kan bidra til å utvikle Ballettskulen si undervisningsportefølje
Ballettskulen følgjer skuleruta i grunnskulen. Undervisninga føregår på ettermiddag og kveld. Pedagogen avspaserer hovudsakleg i samband med høgtider og skuleferiar. Ballettskulen arbeider med å utvikle workshops/sommarskule utanfor den ordinære skuleruta.
Søknad, CV, vitnemål og aktuelle referansar sendast:
ballettskulen@yahoo.no
Søknadsfrist 23. mai 2021
Oppstart 1. august
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Spørsmål til stillinga rettast:
Styreleiar Synnøve Hill 91326967
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Volda Og Ørsta Ballettskule
Adresse
Kyrkjegata 73, 6150 Ørsta
Hjemmeside
Ballettskulen Ørsta Volda har ledig ei heil, fast stilling som dansepedagog, innan jazz, hip hop og step. Ballettskulen er ein av Noregs største foreldredrivne ballettskular, med 350 elevar frå fleire kommunar. Vi har tre moderne dansestudio i Ørsta på Sunnmøre. Elevane er frå fem år og opp til vaksenklasser. Ballettskulen har vanlegvis to større framsyningar i året. Ballettskulen er leia av eit styre og har to, heile faste stillingar som dansepedagogar, og fleire assistentar.
Om stillingen
Stillingstittel
Dansepedagog
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Sist endret: 23. mai 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: de890ff2-7a50-493d-8fae-1dd51caf4aaf
Stillingsnummer: de890ff2-7a50-493d-8fae-1dd51caf4aaf