SFO-leiar i 100% stilling ved Surnadal barne-og ungdomsskule
Surnadal barne- og ungdomsskule skal tilsette SFO-leiar frå 01.08.2023
Surnadal barne- og ungdomsskule er ein 1.-10.skule. Vi er ca 500 elevar ved skulen og av desse er det om lag 160 elevar ved 1.-4.trinn. Skulen har om lag 90 tilsette.
Vi søkjer leiar for SFO, med oppstart i stilinga 01.08.2023.
Som leiar for skulefritidsordninga er du ein del av leiarteamet ved skulen.
Arbeidsoppgåver:
- Varierte leiaroppgåver innanfor det pedagogiske fagfeltet
- Implementering av rammeplan for SFO og vidareutvikling av det pedagogiske innhaldet i SFO
- Personalansvar, administrative driftsoppgåver og miljørettleiaroppgåver i skulen vil ligge til stillinga
- Samarbeid med foreldre/føresette
- Samhandle med skulen og vidareutvikle ein heilskapleg skulekvardag for elevane
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskuleutdanning, minimum på bachelor-nivå
- Gode samarbeidsevner med barn, foreldre, tilsette og samfunnet rundt
- God kjennskap til rammeplan for SFO og erfaring frå SFO-drift
- God erfaring med og kunnskap om relasjonsbygging
- Gode kommunikasjonsevner
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein leiar som er fleksibel, nyskapande og positiv, med godt humør og stor arbeidskapasitet. Du har evne til å inspirere og motivere.
Du taklar raske omstillingar og har evne til å omstille deg fort.
Vi tilbyr:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her