Sjukepleiar/vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4414868788 Presentasjon av stillingen:
Akutt psykisk helse Ålesund har ledig fast 88% stilling for sjukepleiar/vernepleiar frå snarast. To-delt turnus og arbeid kvar tredje helg.
Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to team, A og B. Stillinga er knytt til team A som i all hovudsak har alle mottaka. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkelig hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald.
Seksjonen har óg eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinjetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, psykolog, LIS, turnuslegar, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Vi har eit stort fagleg fokus og kompetanse innan fagområdet.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp behandlingsopplegg for pasientane
- Medisinutdeling
- Miljøterapi
- Mottak av nye pasientar
- Samhandling med andre seksjonar og samarbeidsinstansar.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar videreutdanning i psykisk helsearbeid er ønskeleg men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Mestre norsk språk godt skrifteleg og muntlig
- Gode evner til kommunikasjon
- Evne til å jobbe i team men også sjølvstendig
- God på samarbeid
- God på å skape allianse med pasientane
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, 70 10 65 00
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4414868788
Stillingsprosent: 88%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal