Lærar i matematikk
Org. nr: 974557592 Stillingsident: 4376985757 Presentasjon av stillingen:
Austevoll vgs har 35 tilsette og ca. 200 elevar. Skulen har tilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag, maritime fag og helse og oppvekst. Skulen har ledig 100 % stilling som matematikklærar på vg1 yrkesfag.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha ansvar for matematikkundervisninga i alle dei seks vg1 klassane våre. Matematikken skal yrkesrettas og du vil arbeide saman med andre faglærarar om tverrfaglege prosjekt.
Kvalifikasjonar
Minimum 60 studiepoeng innan matematikk. Relevant erfaring er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga lystbetont og engasjerande.
Vi tilbyr
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø på ein flott skule. Austevoll vgs er ein skule som heile tida er i vekst og utvikling der me kvar dag arbeider mot å vere leiande innan marin- og maritim utdanning. God pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen, rektor , 40221441
Arbeidsstad
5392
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4376985757
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.